Endeleg på Lindesnes!

9. august:

Nydelig å kunne padle heilt inn på det sydlegaste punktet etter å ha lagt Noreg bak seg!

Me starta fra Nordkapp 20. februar med ski og pulk. Etter mykje jakt og fisking og moro har me no padla oss fram frå innland til kyst. Eit lite stykke Noreg ligg bak oss – bak alle blånar.

Tone Jorunn og Ingrid

Siste kveld i teltet

8. august: Litt rart å tenke på, at me no æ i Mandal, og i morgen æ på Lindesnes - målet for turen. Me kan nesten høyre korleis bølgene slo på Nordkapp i vinter. No skvulpar dei inn her på stråndi

Sol og torden

6. august: Me enda vandringa vår i Snåsa, og no har me henta ut att kanoen som har stått lagra ei veke på Kajakklubben i Arendal. Me padlar dei fyrste taka i sol og varme frå ettermiddagssola. Herleg! Men mørke skyer kjem frå nordøst. Det bare plaskar ned, lynar og tordnar. Torevéret er heile tida langt borte; det tar 10-15 sekundar frå blink til me høyrer tora slår. Me padlar under nokre tre, og ventar på at det verste går over. Og det gjer det fort.

Me padlar vidare i ein utruleg fin skjergård, ei halv mil forbi Grimstad før me slår leir. Det blide sørland!

7. august: Me byrja å padle tidleg i dag. Nydeleg – alt æ sø stille. Me høyrer bare bølgene som slår lett i berget. Lyden av padleårene og måkeskrik. På høgre side har me svaberg, og på venstre side blått hav i møte med horisont.

Me startar å padle utanskjers, snart er me i Lillesand, og derifrå tar me Blindleia. Blide båtfolk! Me får tilbod om å henge på slep, men neida – me har det fint!

Akkurat no ligg me i telt på ei lita strånd heilt for oss sjølve på Odderøya og ser over på Kristiansand…

Slåttonna på Vektarli

3. august: Grensesømprosjektet er i Norge leda av Den Norske Turistforening, Statskog og Friluftslivets år 2005.

Men det skal leggast til at det var kontrast frå det sydlege sørland med bikinivær og hit til Børgefjell. Det var nok berre eit par tre grader om nåtti. Me møttte ingen folk, men istaden vart me omsverma av mygg, knott og klegg. "Hei, der tok eg tre klegger i eit slag!!"

Me hadde snittfart på to kilometer i timen gjennom tette vierkratt og fjellbjørkeskog. Hadde me tekna inn løypa for Grensesømmen ville me nok gått mer i høgdene i staden for å fylgje reinsgjerde og elveleie.

Me tok bilete av eit ektepar som me møtte langs vegen. Dei var ute med slåtten her på Vektarli i Røyrvik kommune. Graset vart slått me langorv. Koseleg - det vekte minne om bestefar!

Fargerike Børgefjell

2. august: Knallfint i Børgefjell! Grøne og frodige områder, blå vatn, grøne elvar, urer fulle av kartlav, snø og fennar.

Fjellet møter oss med sol og me helsar venleg tilbake! Me gjeng i eit område utan stiar eller skilt, og det verkar uberørt. Det einaste som ber preg av menneskje er det endelause reingjerdet. Me går ”Grensesømmen”, har derfor ”grensenåla” med oss som vandrestav. I tillegg spikrar me opp nokre bitte små skilt nokre stadar for å syne at grensesømmen er gått her.

Klare for Grensesømmen

28. juli: Etter ein lang togtur er me klare for Børgefjell. Med Viljna og Balder blir turen kjempebra, trur me.

Me har den lange synåla for å vise at me går Grensesømmen, frå Harvasstua til Namsvatnet. Noe er me snart ute av dekning.

Laaang togtur

27. juli: Administrering, organisering, planlegging, vasking og pakking…og litt soling – hos mor og far av Ingrid i Tønsberg.

Hundane Vilja og Balder er henrykte over å bli med. Endeleg!

Me sit akkurat på togstasjonen i Tønsberg. Konduktør Reidar smiler av oss to med bikkjer, sekkar og fiskestenger. Det lyser TUR lang veg. Me he nesten 19 timar på toget før me er klare for Børgefjell!

Børgefjell ventar

Kom til Arendal i dag i strålande sol. Kvite hus, seglbåtar og Canal street. Me er kjempeheldige og får plassert kanoen og utstyret hjå Arendal kajakkforening. For no har me bestemde oss for å reise opp til Børgefjell for å ta den etappa som me måtte droppe grunna mykje snø i juni.

Børgefjell-etappa blir ein del av prosjektet ”Grensesømmen” i regi av Den norske turistforening – å ”sy” Norge og Sverige saman igjen etter 100 år – i Friluftslivets år 2005!

Akkurat no driv me og haikar oss til Tønsberg for å hente fjellutstyr.

26. juli:

Dagen starta med varm sol, og for dei som ligg i sovepose kjennast det varmt. Då er det herleg å hs ei strånd og gå ut på. Nakenbading er det beste – det kjennest meir fritt ut!

Jordbær i Arendal

25. juli:

Padla frå Vindvik tre kilometer nordøst for Risør, og like til Løvøya, to mil nord for Arendal. No har me grilla for andre gong i dag, padla, ligge på svaberg og ete jordbær. Det har vore ein kjempedeileg dag. Me ligg på ein topp 70 meter over havet – og akkurat her er det høgt! Håpar ikkje me drøymer om noko, for då rullar me i vatnet!

På eit svaberg ved Risør

22-24 juli:

Me padla fra Larviksfjorden via Helgeroa til Langøytangen utafor Langesund. I Helgeroa traff me tanteungane til Ingrid. Morosamt å treffe unge padlerar!

Oppe klokka 0500 i dag søndag for å padle på roleg sjø. Ferdig med all padling utaskjærs Bamblekysten. Etterkvart kom e til Kragerø, og etter ein god pause på ein naken holme var det avstad vidare mot Risør. Derfra tralla me langs vegen, fordi det vart for mykje vind til å padle.

No ligg me på eit svaberg tre kilometer frå Risør. Det luktar ikkje sjø men myggspray idet me legg oss ned i kvar vår sovepose.

Sprettande laks

21. juli:

Me er fortsatt på Lågen – ved Hvittingfoss. I dag spratt ein laks opp sju meter frå kanoen med det same me sette han på elva.

Laksefiskarane står spente og ventar på storlaksen medan me padlar.

Me vil padle sørover langs kysten så lenge vêret er bra, så reiser me til Børgefjell for å gå Grensesømmen etterkvart.

Straks ved Oslofjorden

21. juli: Barbeint kjem truleg til Larvik 22. juli.

Derfra tek me toget til Børgefjell i Nordland for å gå "Grensesømmen" - eit prosjekt i regi av Den Norske Turistforening i Fruliftslivets År 2005.

Etter eit par veker kjem me tilbake for å fortsette ferden sørover langs kysten av Vestfold, Telemark og Agder - mot Lindesnes!

Bæring over stryk

20. juli:  Her drar me kanoen på land i Lågen. Slik er det å padle elv - det er ikkje alltid at du kan padle. Her er nokre fossar stundom, men me har padlebeskrivelse, og fått synfart slik at me veit kvar me vil bera kanoen på land.

Kjempefint her! No sit me akkurat og grillar på ei lita strånd rett i elvekanten . Berre litt synd at regnet er så glad i å renne….

Over til Numedalen

19. juli:

Me vakna klokke 0500 av litt ubehagelege ghester. Resultatet vart tidleg avreise.

Etter tralling padlar me ned Drammenselva frå Åmot til Hokksund.

Mor og far av Ingrid møter oss og fraktar kanoen til Skollenborg sør for Kongsberg.

Me tar beina fatt, og blir søkkblaute av regn igjen!

Mystiske sommarkveldar

18.juli:

Perfekt dag! Sandstrendar, svaberg, sol, bading, bål og blå himmel. Blått flattvatn også, og padling i brusande småstryk. Ein nydeleg dag der me verkeleg går barbeinte! Me slår leir på ei sandstrånd nær Geithus.

16. juli:

Mmm, no æ det kjempedeileg. Me sit og etpølser og høyrer vatnet slå mot berget. Reint og stille etter at at regnet har runne. Det hølja ned når me padla i ettermiddag og kveld. Og det høljaned når me tralla frå Gjøvik i går. Søkkvått. Men det gode er å bli tørr etterpå! I dag er det tre veker sia me starta å padle frå Snåsa. Jevnaker - here we come tomorrow!

17. juli:

Det blei seinkveld i Hønefoss, men veldig stemning å padle langs elva etter at sola hadde gått ned. Vi kom tett på hegre i vasskanten. Mystisk setting! No æ teltet akkurat slått opp rett ved byelva, og me he nesten søvna allereie….

Drive in med kano!

15. juli:

Kjempeflaks!

Me padla rett på Mc Donalds-drive in på Gjøvik!

No er me ferdige med Mjøsa, og på veg med tralle over til Randsfjorden....

Flytande bakeri på Mjøsa

14. juli:

Me er eit flytande bakeri. Med wienerkringle, jordbær og musikk frå radio´n padlar me nedover Mjøsa med Gjøvik som mål....

Strie stryk i Hunderfossen

13. juli:

Saft suse, her i Hunderfossen er det stryk i elva! Ikkje eingong nøkken trivast her.

Trollheimen og Dovre var storslådde fjell. Beina er fulle av musklar. Me har gått fire mil per dag og no går det fort!

I kveld kjem me til Lillehammer, og då er det under 20 mil til Oslo, ju-hu!

Herlig harling i Namsen

Me er i storlakselva Namsen, ved Grande Gård i Overhalla.

Det er kjempegode tilhøve for laksefiske nett no! Idet same me kjem ned til elva har ein kar fått ein fisk på 12 kilo!

Me er heldige og får fiske på det beste valdet - ”Music box”. Plassen har kallenavnet frå utenlandske fiskarar som meinte lyden av snella lét som musikk i øyra.

Med eitt hyler Ingrid. Han sit på kroken! Ho let fisken rase ut, oppover elva, med god rettleiing frå roar Olav B. Lian. Etter eit kvarter sprellar laksen på land – ein fisk på fem kilo.
Til fjells for å skyte
SKYTETRENING PÅ HOVDEN: "Oppdukkar’n” gjev fin trening. Bjørnen skal ha tre skot på fem sekund.
Barbeint lét snøen smelte i Nordland, og reiser i staden til Setesdal for å gjere seg klare til jakta!

I det me susar inn på Jakt og Friluft Hovden byrjar sola å sprekke gjennom skydekket og kjensla av jakt snik seg nesten litt inn i deg, sidan du skyt på eit skytesenter 800 moh. Her går me rett på sak og opnar like godt med å skyte på ei kråke sitjande og ei skjære ståande. Ja, ja kvifor ikkje? Det gjekk uventa bra. Derfor dreg me like godt opp til ”oppdukkar’n”.

Bjørnen skal ha tre skot på fem sekund. Dette er ikkje meint som jakttrening og heller ikkje ei skyteform som er anbefalt til jakt. Men det kan vere realistisk trening til eventuelt skada vilt. Når eit skadd dyr har lagt seg, sprett det opp som figurane og då må du kople deg rett mot målet skal du ha nokon sjanse, før dyret er borte igjen. Målet med denne øvinga er å beherske ladeteknikk, men mest vil eg vise dykk ulike skyteformer for å vise at skyting er gøy, seier instruktør Øyvin Froland og demonstrerar på bjørnen.

SNART SUMAR: Kvifor trenar ikkje fleire jegerar på skyting når skotet er punktum på jakta. Me lot det siste skiføret renne av stad i Nordland, og reiste til Telemark for å drive skytetrening!
Bli eitt med hagla!
Øyvin Froland er instruktør for NJFF både i hagle og rifle og har alltid vore veldig aktiv i Froland JFF, ikkje minst med jegerprøvekurs.

- Kva skal til for at du blir ein god hagleskyttar?

- Det er oppfattinga av kvar målet er. At du koplar mellom hjerne og fingeren. At du har refleks utan å gruble. Det er essensen, men i tillegg kjem sjølvsagt rett tilpassa hagle addert med trening, seier han.

Froland forklarer at skyttaren må bli i eitt med hagla på eit vis.

- Tilpassinga av hagla er viktig, men du må tilpasse deg litt sjølv også. Med hagleskyting er det veldig viktig at du kjem ned og får kontakt med våpenet. Heile tida blir det læring. Du kan ikkje slutte om du har blitt god. Du må aldri slutte å skyte. Løyndomen er bare å skyte meir. Og så må det vere moro. Om det forrige skotet ikkje var så bra, så må du ha forventninga om at du får det til på det neste. Det er viktig å fokusere på kva som skjer. Du må ha lyst. Spring i leirduestien etter duene! gløder Froland.

TUREN SÅ LANGT OM PROSJEKTET INGRID TONE JORUNN STØTTESPILLERNE PRESSE ARKIV