|
I sju månadar går me på ski, vandrar, og padlar kajakk landet gjennom. Du undrar kanskje om me verkeleg går barbeinte? Nei, me har ikkje tenkt å setje ny rekord ved å gå turen utan sko. Rekordar er ikkje så viktige, synest me. For oss er ”barbeint” eit symbol på å ha kontakt med og vere nær naturen. Går du barbeint i granskogen, kjenner du barnålene stikk, mosen som er sprø eller våt. Går du i graset, kjenner du noko anna enn når du går på grusen og svaberget.
Er du barbeint, kjenner du kvar du er - det handlar om å vere tilstades.
Me starta med ski og pulk og gjekk over viddene i nord nedover mot Troms. Derifrå gjekk me til Mo i Rana og Trondheim, og skifta til fjellsko og ryggsekkar. Derifrå padla me til Orkanger, gjekk over Trollheimen og Dovre mot Lillehammer. Me skal padle over Mjøsa til Gjøvik, og gå vidare mot Oslo. Derifrå langs Sørlands-kysten mot Lindesnes.
|